Under ein felles seremoni måndag 24. juni fekk Hareid Rotaryklubb og Ulstein Rotaryklubb nye presidentar, Astrid Velle i Hareid og Thor Martin Eidem i Ulstein. I tillegg til preidentskiftet var det også guvernør-skifte, der Lidun Hareide tok over klubba.
Samlinga fann stad på Quality Hotel Ulstein, med Ulstein Rotary som arrangør. I tillegg til presidentskiftet var det også skifte av guvernør. Der tok Lidun Hareide over etter Anders Andersson. Sjå eigen artikkel om dette!
Første programpost under presidentskiftet var vakker musikk spelt av Oddgeir Nygjerde (el-piano) og Brage Skodjevåg Bø (euforium). Dei spelte «Vidda» av Ole Edvard Antonsen
Stig Ole Borgundvåg sa at klubbane på Søre Sunnmøre har eit godt samarbeid. Det siste året har Ulstein Rotary mellom anna blitt inviterte av Hareidsklubben til synfaring i det flotte vikinghuset som er bygd på dugnad i Hjørungavåg. Klubbane har elles hatt felles polioaksjon, og lyssett raudt kvar sin bygning i sentrum. Dette siste var ein aksjon som begge klubbane fekk inn ein del pengar på.
Hareid Rotary har også vore arrangør for eit Inter City-møte, der Kristine Haddal, som er både mor og managar til Karsten Warholm, heldt eit interessant foredrag om sonen.
Stig Ole Borgundvåg opplyste at Kristine Warholm blir eitt av trekkplastera under Distriktskonferansen som Ulstein Rotary skal arrangere i september i år.
TO PRESIDENTSKIFTE
Ulstein Rotary var først ute med presidentskiftet. Der tek Thor Martin Eidem, som har vore president to gonger før, over. Han takka Borgundvåg for innsatsen.
Avtroppande president i Ulstein Rotary ønskjer Thor Martin Eidem til lykke med presidentåret. Det er tredje gong Eidem blir president i klubben. Som arrangør av Distriktskonferansen til hausten får han mykje å tenke på.
- Du imponerer meg. Du er fantastisk til å balansere tidsklemma - og du får tid til både jobb, familie og Rotary. Under di leiing har det aldri vore kort veg frå avgjerd til handling, og du har også løfta oss teknisk, slik at informasjonsflyten har blitt betre, sa Eidem.
I Hareid Rotary er det tradisjon for å bruke seremonimeister under preidentskifta, og seremonimeister Johan Ole Brandal kunne opplyse at skifte av president er ei av dei store hendingane i Rotary-året. Dei siste åra har skiftet foregått under ein rekefest i Brandal, men seremonimeisteren meinte det var stas å få vere saman med Ulstein Rotary under årets skifte.
Brandal takka avtroppande president Ove Midtflø for godt leiarskap.
Seremonimeister Johan Ole Brandal (delvis med ryggen til) takkar Ove Midtflø for innsatsen og ønskjer Astrid Velle lykke til som ny president i Hareid Rotaryklubb.
- Eg veit du har hatt det travelt på jobb det siste året, men det har du handtert på ein god måte, sa Brandal, som ønskte Astrid Velle velkomen som ny president. - Du har fått opplæring og inspirasjon til vervet og eg er trygg på at du har tenkt ut korleis du vil ha det i det neste år, sa Brandal – og flytta presidentkjedet frå Midtflø til Velle.
Ref. og foto: Anne Gry Eilertsen
23. januar 2019
Lørdag 19. februar hadde Assisterende Guvernør (AG) Gunnar Roger Sandvik invitert til Presidentforum hjemme i sin egen stue. Her ble det en trivelig stund med gode samtaler og mange diskusjoner rundt ulike tema.
16. januar 2019
Den 15. januar besøkte Distriktsguvernør Arvid Blindheim og Assisterende Guvernør i Oppland Øst, Gunnar Roger Sandvik, Ringebu Rotaryklubb. Dette er guvernørens nest siste klubbesøk i Distriktet dette Rotaryåret.
16. januar 2019
Distriktsguvernør Arvid Blindheim har nå sendt ut månedsbrevet for januar til klubbene. Du kan også lese det her.
15. januar 2019
Den 13.-19. januar 2019 er alle de som skal inn i rollen som Distriktsguvernører kommende Rotaryår samlet til International Assembly i San Diego, USA. Blant disse er også Vigdis Osbak, som skal inn i denne lederrollen i vårt distrikt fra 1. juli 2019.
14. januar 2019
Den 14. januar introduserte Mark Daniel Maloney, som blir Rotary International sin President for 2019-2020, sitt tema for året; Rotary Connects The World. Her kan du lese hvorfor han har valgt nettopp dette temaet.
2. januar 2019
Det er mye interessant å lese i årets første utgave av Rotary Norden. Ekstra kjekt er det å finne omtale av prosjekter der klubber fra vårt eget distrikt har engasjert seg sterkt.
23. desember 2018
Vi ønsker dere alle en riktig God Jul og et Godt Nytt År!
17. desember 2018
Distriktsguvernør Arvid Blindheim har nå sendt ut månedsbrevet for desember til klubbene. Du kan også lese det her.
12. desember 2018
I 2018 fordelte Lotteri- og stiftelsestilsynet 1,42 milliarder kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjoner. Etter avkorting får Norfo, distriktene og rotaryklubbene i Norge utbetalt til sammen vel 2,74 millioner kroner i desember.
30. november 2018
Distriktsguvernør Arvid Blindheim er stadig på farten. Fra august og frem til i dag har han besøkt 39 av de 50 klubbene i distriktet!