Distrikskonferansen 2026


Les invitasjonen her  Påmeldingsskjema her
Kjære Rotaryvenner !

Velkomen til årets distriktskonferanse i min vakre heimstad Fosnavåg. Fosnavåg betyr den «løynde vågen» – ein stad der sjøfarande i alle tider har funne ly for ver og vind. Mange finn òg ly i Rotary. Ein fristad der ein i ein knapp time for veka kan stikke seg bort og ha litt eigentid. Sånn har eg òg hatt det sidan eg som 39-åring kom inn i Rotary i 2004. Som yrkesaktiv distriktsguvernør er eg oppteken av at Rotary som organisasjon utviklar seg og legg til rette for at også yrkesaktive kan ta på seg verv anten det er på klubbnivå, i distrikt eller internasjonalt. Eg opplever heldigvis at dette er noko som og medlemmer i andre distrikt er opptekne av. Det er eg glad for. I år er faktisk 5 av 6 distriktsguvernørar i Noreg yrkesaktive.

   


Elles prøver vi i distriktet å tenkje nytt for å spare tid, pengar og miljø. Som guvernør vil eg fysisk besøke klubbane i vest i år, vi skal gjennomføre ein «eindags» distriktskonferanse og vi held styreseminara digitale som i fjor. Ein annan ny ting vi ser på er innføring av RLI (Rotary Leadership Intstitute) – ei samlingsbasert opplæring i kva Rotary er for medlemmar som har lyst å lære meir og som etter kvart kan tenkje seg leiarverv både i klubb og elles. Distriktskonferansen i Fosnavåg vert arrangert av min klubb Herøy RK. Eit svært godt program er meisla ut med to Nobelprisvinnarar på podiet i lag med ei rekkje andre dyktige og engasjerte folk.


Eg gler meg! Håpar å sjå deg i Fosnavåg 19. september!


Med rotaryhelsing


Robert Arent Voldnes
Distriktsguvernør 2026-2027


Les invitasjonen her  Påmeldingsskjem her





 
Takk, Arvid! Lykke til, Vigdis!

21. juni 2019

Takk, Arvid! Lykke til, Vigdis!

Vigdis Osbak tiltrår som Distriktsguvernør den 1. juli 2019. Da blir hun leder for cirka 1720 medlemmer i 50 klubber fra Eda i sørøst til Fræna i nordvest.

Guvernørens månedsbrev - juni

20. juni 2019

Guvernørens månedsbrev - juni

Distriktsguvernør Arvid Blindheim sitt månedsbrev for juni blir nå distribuert til klubbene. Du kan også lese det her.

Fantastiske Aalesund Rotaryklubb!

18. juni 2019

Fantastiske Aalesund Rotaryklubb!

Mandag 17. juni arrangerte Aalesund Rotaryklubb sin årlige Skytterfest. Det spesielle i år var opptak av hele fem nye medlemmer! Vi gratulerer!