Velkomen til Distriktskonferansen 2018!


Distriktsguvernør for 2018-2019, Arvid Blindheim, og Vestnes Rotaryklubb ønskjer no velkomen til Distriktskonferansen som blir holdt på Scandic Rica Seilet i Molde den 21. – 23. september.

Hovudtema for distriktskonferansen er: «Gagne andre»

Konferansen skal vere ein viktig møteplass der medlemene i Distrikt 2305 deler erfaringar frå sitt arbeid for ei betre verd lokalt og globalt. Det er også staden for å hente inspirasjon og lærdom utanfrå og frå Rotary sjølv. Utvikling av relasjonar og vennskap mellom klubbar og medlemer er viktig del av dette.

Opningsforedraget på konferansen er ved tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik, no dagleg leiar av Oslosenteret som arbeider for fred og menneskerettar, og som han sjølv var initiativtakar til i 2006.

Vi ønskjer alle Rotarymedlemar saman med ektefelle/sambuar velkomen til Molde og Vestnes denne helga – sett av helga alt no. Program med påmelding kjem i juli, med frist for påmelding den 15. august.

Ledsagertur

Tur for ektefelle/sambuar søndag 23. september går til Vestnes og Vard Langsten. Programmet for dagen er:

08.45:    Avreise med buss frå hotellinngangen til Molde ferjekai. Ferje til Furneset i Vestnes, der bussen går vidare til Tomrefjord og Vard Langsten. Det er med turleiar frå Vestnes Rotary i bussen. Ankomst Vard Langsten kl. 10.00, der tilsette vil guide på skipsverftet.

Vestnes er ein av dei store skipsbyggarkommunane her til lands, saman med Ulstein og Haram. Vard er med fem verft største skipsbyggingskonsernet i Norge, og også blant dei største i verda i sitt segment. Med leverandørar, sysselsett Vard Langsten aleine over tusen personar i regionen. På verftet vil deltakarane få orientering og omvising om bord det som blir eit cruisefartøy i den mest eksklusive klassen, med reisemål til Sørpolen og Amazonas. Bedrifta serverer kaffi og litt å bite i.

På turen svingar bussen innom kommunesenteret i Vestnes, der dei tre bruene over Vestnesstraumen fortel om kvar si tidsepoke. Den Trondhjemske Postvei frå 1785 går rett gjennom handlesenteret Vestnes Brygge. Turleiaren vil fortelje litt frå historia til kommunen, der kulturen, spesielt gjennom sang og musikk har stått og står sterkt.

12.00:    Avreise frå Vard Langsten med buss. Ferje frå Furneset til Molde kl 12.45.

13.30:    Ankomst hotellet, lunsj.

Vestnes - med utsikt mot Molde.