Styremedlem i Rotary International Suzan Stenberg oppsummerte distriktskonferansen i Ulsteinvik 27.-29. september som heilt fantastisk. Distrikt 2305 i Rotary hadde lagt opp til ein konferanse der informasjon og inspirasjon gjorde helga magisk.
216 personar var påmelde til konferansen. Blant desse var Suzan Stenberg frå Sverige som sit i Rotary International. danske Rasmus Ekeskjold, som jobbar med rekruttering og merkevarebygging, og Jon Karl Olafson, islandsk guvernør. Etter at helsinga frå kong Harald var lest opp. opna ordførar Stian Skorgen Scheide konferansen. Han nytta sjansen til å fortelje kva Ulstein har å by på, at dei langt på veg har lykkast med å skape ei urban fortetting i sentrum og at kommunen har eit internasjonalt næringsliv med gode vilkår for jobbkarriere.
Lidun Hareide, guvernør i distrikt 2305, var dyktig programleiar under heile konferansen. Ho understreka at det viktigaste med slike konferansar er å informere og inspirere til meir Rotary-arbeid. "Rotary må synast. Har vi gode prosjekt, får vi fleire medlemer", slo ho fast.
Dei vel 200 deltakarane i salen fekk mykje inspirasjon. Interessante foredragshaldarar kom på podiet - i rekke og rad.
Trond Berg, rektor ved Ulstein ungdomsskule, fortalde om Dimna IL, klubben til Karsten Warholm. Dimna IL vart stifta i 1974. Målet var at det skulle bli ein klubb der alle born fekk kjenne seg viktige.
"Det er ikkje Karsten Warholm som gjer at vi har lykkast. Vi driv ikkje klubben for å få fram verdsmeistrar. Vi driv han for at barn og unge skal få vere i eit godt miljø. Dei som ikkje tek medaljar er like viktige som dei som tek medaljar", sa Berg, som understreka at inkludering og mangfald var viktige stikkord.
Foredragshaldar Loveleen Rihel Brenna heldt eit gripande foredrag om klassereisa til dei indiske foreldra sine. Loveleen vart fødd i India i 1967, men foreldra emigrerte til Noreg - og Loveleen har hatt mesteparten av oppveksten sin her i landet. 18 år gammal vart ho gifta bort til ein indisk mann, og fekk to barn med han. I 1997, etter 11 års ekteskap, skilde ho seg og gjekk inn i ei svært tung tid, fordømt av både foreldre, familie, indiske venner og nokre av dei norske.
Guvernør Lidun Hareide slo fast at mange rotaryklubbar må auke mangfaldet i klubben for å reflektere samfunnet betre. Blant medlemene er det få med innvandrarbakgrunn, homofile og folk med nedsett funksjonsevne - og dette må det gjerast noko med.
PolioPluss, vaksinering mot polio, er eit av dei store prosjekta til Rotary på verdsbasis - og overgangen til neste programpost var saumfri: Greta Herje intervjua Anita Rekdal frå Ålesund, som fekk polio då ho var under eitt år gammal i 1950. Ho vart sendt til Bergen på sjukehus og fekk ikkje sjå mor si på over to år. Rekdal fortalde om oppveksten sin i Ålesund og om seinskadane som melder seg etter kvart som ein blir eldre.
Rekdal understreka at Rotary sitt vaksineringsarbeid mot polio er svært viktig. "Polio er ein fæl sjukdom - og den råkar heile familien. Eg blir sjokkert når eg høyrer om foreldre som ikkje vil vaksinere borna sine. Poliosmitten er berre ei flyreise unna", åtvara ho. Polio er no på det næraste utrydda. I dag er det kun villpolio i Pakistan og Afghanistan, og vaksinederivert polio på Gaza. "Vi er med på å skrive verdshistorie. No er det berre den siste, harde mila igjen", kommenterte Lidun Hareide.
Ingen av foredragshaldarane fekk blomster. I staden fekk dei eit bevis på at 100 barn skulle vaksinerast i namnet deira.
Tidlegare distriktsguvernør Sissel Berit Hoell orienterte om Rotaryfondet sitt humanitære arbeid. Fondet er i dag på 3,6 milliardar kroner. Ho fortalde om den aksjonen som vart starta etter Russland sin fullskalainvasjon i Ukraina i februar 2022. I januar/februar 2023 kom det melding frå rotaryanarar i Ukraina om at fleire sjukehus var bomba og at dei trongde mobile akuttklinikkar til ein pris av ca. 430.000 kroner. Alle distrikt i Noreg vart inviterte til å vere med - og per. 30. juni i år har Rotary i Noreg samla inn nærare sju millionar kroner.
- Vi er i ferd med å finansiere 17 mobile klinikkar ved frontlinjene, og flerier av dei er alt på plass opplyste Sissel Berit Hoell og fekk applaus frå salen.
Jan Thormodsæter, dagleg leiar i MAFOSS (Maritim forening for Søre Sunnmøre), nytta sjansen i foredraget sitt til å reklamere for det varierte næringslivet i regionen, eit næringsliv som leverer varer og tenester over nesten heile verda. Han siterte industripioneren Idar Ulstein, som ein gong sa at bedriftene i regionen «skal samarbeide når vi kan, og konkurrere når vi må». Thormodsæter slo fast at det er mange visjonære industrileiarar i regionen - og trekte fram som døme Ulstein Design si lansering av X-Bowen for 20 år sidan. I dag er det selt 120 design med X-Bow -og det sette i gang ein prosess med nye baugdesign hos andre skipsbyggjarar.
Guvernør Lidun Hareide oppsummerte innlegget til Thormodsæter med at det Rotary kan lære av skipsindustrien er blant anna å snu seg rundt i tide, sjå moglegheiter, samarbeide når vi kan og konkurrere når vi må - og lære av naboane våre.
Danske Rasmus Egskjold heldt eit inspirerande foredrag om korleis Rotary kan skaffe seg fleire medlemer, Torunn Elle i Merkevarekomiteen og Oskar Høyvik, koordinator i Medlemskomiteen, snakka om korleis Rotary kan bli meir synlege, at VI-kjensla må styrkast og at det er viktig å bli flinkare til å fortelje kva Rotary driv med.
Marit Liv Solbjørg i Nittedal Rotaryklubb fortalde om Business-nettverket som dei starta i 2017, eit forum der yrkesaktive medlemer kan møtast for å diskutere idear, høyre på foredragshaldarar og få tips om korleis ein kan bygge ein vinnarkultur.
Ottar Julsrud, norsk redaktør i Rotary Norden, som no kjem berre i digital utgåve, oppmoda Rotary-medlemene om å bruke bladet meir aktivt.
"Skriv sjølve, eller ta kontakt med redaktøren. Vi må spreie Rotarymagien", sa han.
Andrea Hvattum frå Hadeland fortalde publikum om eit etikkseminar dei skal gjennomføre 17. oktober, på Psykisk Helse-dagen. Det skal handle om korleis vi kan ta vare på vår eiga psykiske helse og støtte kvarandre i vanskelege situasjonar. Dei skal også kople på vidaregåande skular i regionen for å få vist seg fram.
"Våg og spør, våg og lytt, våg å spørje," sa Hvattum, som oppmoda andre Rotaryklubbar til å satse på liknande prosjekt.
Elina Tomren i Ungdomsutvekslingskomiteen meinte Rotary bør bli flinkare på ungdomsutveksling, og når ungdomane Ludvik Langåsvold Braute og Jill Marie Berg kom på scena og fortalde om opphalda sine i New York (like ved grensa til Canada) og i Chicago, forstod vi kvifor. Dei strålte når dei fortalde om opphalda sine, og begge slo fast at det hadde vore det beste året i livet deira. Begge trekte også fram mangfald og det å få venner frå andre kulturar som viktig for livet deira.
Neste års distriktskonferanse blir siste helga i september 2025. Morten Mo i Hamar Rotaryklubb reklamerte både gjennom ord og foto om kva gjestene kan oppleve der.
I tillegg til ei rekke Paul Harris Fellowship (PHF) utmerkingar under distriktskonferansen, delte distriktet ut 8 til medlemer som har jobba minst tre år i distrikta, og til avgåande guvernør Anders Andersson. I tillegg delte Sissel Berit Hoell ut PHF til dei tre assisterande guvernørarana (AG) som arrangerete konsertar til inntekt for Ukraina i vårt distrikt.
Kvinneskipet Embla låg ved kai utanfor hotellet der konferansen pågjekk. Laurdag vart det gjennomført ei fredsmarkering med lystenning, diktopplesing og roing for fred.
Om kvelden var det bankett, med både middag, talar og musikalsk underhaldning av kvinnekoret Corsonus. Det vart ei magisk stund for mange. "Takk for ei fantastisk helg", sa Suzan Stenberg under avslutninga søndag. Ho understreka at det er menneska som jobbar i kulissene som gjer Rotary magisk. Ho takka spesielt guvernør Lidun Hareide for ein både formidabel og fantastisk konferanse.
Hareide svara med å takke alle som kom og oppmoda dei om å reise heim til klubbane sine for å skape meir Rotarymagi.
Tekst: Anne Gry Eilertsen
Svenske Suzan Stenberg (i midten) var full av lovord om distriktskonferansen i Ulsteinvik. – Heilt fantastisk, sa ho. Her saman med distriktsguvernør Lidun Hareide (t.v.) og Marit Liv Solbjørg, guvernør i distrikt 2260.
Lidun Hareide, Loveleen Rihel Brenna og Marit Liv Solbjørg i ein pause under distriktskonferansen.
Jan Thormodsæter, dagleg leiar i Maritim forening for Søre Sunnmøre heldt eit foredrag der han fortalde om den maritime klynga og utviklinga frå enkle fiskebåtar til å byggje dei mest avanserte offshoreskip.
Ordførar Stian Skorgen Scheide opna distriktskonferansen og ønskte deltakarane velkomne til Ulsteinvik.
Vikingskipet Embla låg ved kai utanfor Quality Hotel Ulstein, og laurdag vart det arrangert ein fredsseremoni. Om bord var blant andre Suzan Stenberg, ordførar Stian Skorgen Scheide og guvernør Lidun Hareide.
Kvinnene bak vikingskipet Embla gjennomførte også ein lysseremoni for fred.
Sitjande guvernør Lidun Hareide i distrikt 2305 overrekte Paul Harris Fellowship til pastguvernør Anders Andersson.
Dei tidlegare ungdomsutvekslingsstudentane Jill få Elverum og Ludvik Langåsvold Braute frå Vestnes fortalde engasjert om opplevingane sine under utvekslingsåret i USA. Elina Tomren meiner Rotary må jobbe for at fleire ungdomar får vere med på ungdomsutveksling.
Guvernør Lidun Hareide var på alle måtar ein stødig konferansier under heile distriktskonferansen.
Ulsteinvik Rotaryklubb har gjort ein framifrå jobb med arrangementet
Thor MartinEidem er presient i Ulstein Rotaryklubb for andre gong på kort tid. Her saman med distriktsguvernør Lidun Hareide, som høyrer til same klubben.
Andrea Hvattum t.h. fortalde om eit prosjekt som Rotary skal gjennomføre i Hadeland kulturhus under Psykisk Helse-dagen 17. oktober i år. Åse Kongsvold webredaktør i Norfo t.v.
Trond Berg har site i styret i Dimna IL i ei årrekke. For klubben er det viktig at born og ungdom som har lyst får vere med. Også dei som ikkje tek medaljar. Det er stas at dei har Karsten Warholm i klubben sin, men Berg understreka at det er ikkje olympiske meistrar dei er ute etter å skape.
Loveleen Rihel Brenna heldt eit gripande foredrag om inkludering og historia si frå einsam og utstøtt til ei av kvinnene med det største nettverket I Noreg. Invitasjonen om å bli medlem i Rotary var avgjerande for henne.
‘
Greta Herje intervjua Anita Rekdal frå Ålesund som i 1950 fekk polio og vart skild frå foreldra sine i to år. Rekdal er imponert og glad for den store innsatsen Rotary gjer for å vaksinere mot polio.
RotaryPolio Plus
Sissel Berit Hoell fortalde blant anna om Rotary Foundation og fredsarbeidet som Rotary driv. Klubbane rundt om i Noreg har samla inn nærare 7 millionar kroner til ambulerande klinikkar langs frontlinjene i Ukraina.
Danske Rasmus Egeskjold jobbar med medlemsverving og merkevarebygging for Rotary International. Han gav rotaryanarane ein leksjon i korleis dei kan gå fram for å skaffe fleire medlemer.
Det vart delt ut raust med diplomar og Paul Harris-utmerkingar under distriktskonferansen.
Neste års distriktskonferanse blir på Hamar siste helga i september 2025. Morten Mo fortel at Hamar har mykje spennande å by på.
25. januar 2024
Månedsbrevet for januar fra distriktsguvernør Anders Andersson er nå sendt ut, og det kan leses her. Han skriver bl.a. om Rotarys innsamling til mobile nødhjelpsklinikker i Ukraina og Bandore-orkesteret fra Ukraina som skal ha konserter i Norge.
21. januar 2024
Rotary Distrikt 2305 lyser ut 30 plasser på årets RYLA-seminar i Vest (Ålesund) og det samme i Øst (Honne, Biri). Rotaryklubbene oppforderes til å rekruttere kandidater og sponse deres deltakelse. Fjorårets seminar var fulltegnet og meget vellykket!
20. januar 2024
UHURU MAMA heter dette prosjektet som Midsund Rotaryklubb har startet og drifter i Tanzania. Et prosjekt i den rette Rotary-ånden som innebærer solidaritet med målgruppen, og aktive tiltak for å skape en endring til det bedre.
18. desember 2023
Månedsbrevet for desember fra guvernør Anders Andersson er kommet! Et meget fyldig månedsbrev med mye godt Rotary-stoff. Guvernøren ønsker oss alle en hyggelig julefeiring og at vi deler håpet om en mer fredelig verden i 2024.
14. desember 2023
Vår landsdekkende kampanje: "Ikke glem Ukraina!", profilert gjennom leserbrev i dagspressen, har kommet i gang! Noen av de første som fikk sitt leserbrev på trykk var presidentene i Rotaryklubbene Hunn/Gjøvik, Østre Toten, Raufoss og Gjøvik.
10. desember 2023
Robert Arent Voldnes, Herøy Rotaryklubb, er valgt som ny distriktsguvrnør for 2026 - 2027. Distriktets nominasjonskomite innstilte Voldnes til dette ansvarsfulle vervet og nå har Rotary International valgt ham som distriktsguvernør fordenne perioden.
18. november 2023
Ørsta Rotaryklubb ble stiftet i 1953 og kan derfor feire 70 år! Prosjekter for å markere klubbens jubileum er på gang, og planene for feiringen er allerede lagt. Vi gratulerer klubben med de første 70!
11. november 2023
Ragnar Enger, som er medlem i Gjøvik Rotyaryklubb, fikk tildelt hedersbevisningen "Paul Harris Fellow Recognition", - med 2 smaragder -, av distriktsguvernør Anders Andersson under hans besøk i klubben den 25. oktober.
10. november 2023
Distriktsguvernørens månedbrev for november er nå sendt ut. Et oversiktlig og informativt brev med mye aktuelt Rotary-stoff! Snart har guvernørens stafettpinne vært rundt i alle klubbene, - og listen med gode ideer og utfordringer begynner å bli lang!
23. oktober 2023
Verdens POLIO-dag, - det er 24. oktober! Rotary's hovedprosjekt på helsesektoren er nettopp å utrydde polio-viruset fra jordens overflate. Vi kan være stolte av det vi har oppnådd så langt. Vi nærmer oss målet! Alle klubber oppfordres til å stå løpet ut!