Presidentskifte i Hareid og Ulstein Rotaryklubbar

Under ein felles seremoni måndag 24. juni fekk Hareid Rotaryklubb og Ulstein Rotaryklubb nye presidentar, Astrid Velle i Hareid og Thor Martin Eidem i Ulstein. I tillegg til preidentskiftet var det også guvernør-skifte, der Lidun Hareide tok over klubba.

Samlinga fann stad på Quality Hotel Ulstein, med Ulstein Rotary som arrangør. I tillegg til presidentskiftet var det også skifte av guvernør. Der tok Lidun Hareide over etter Anders Andersson. Sjå eigen artikkel om dette!


Første programpost under presidentskiftet var vakker musikk spelt av Oddgeir Nygjerde (el-piano) og Brage Skodjevåg Bø (euforium). Dei spelte «Vidda» av Ole Edvard Antonsen

                                                       


                          

Avtroppande president i Ulstein Rotaryklubb ønskte velkommen

Stig Ole Borgundvåg sa at klubbane på Søre Sunnmøre har eit godt samarbeid. Det siste året har Ulstein Rotary mellom anna blitt inviterte av Hareidsklubben til synfaring i det flotte vikinghuset som er bygd på dugnad i Hjørungavåg. Klubbane har elles hatt felles polioaksjon, og lyssett raudt kvar sin bygning i sentrum.  Dette siste var ein aksjon som begge klubbane fekk inn ein del pengar på.

Hareid Rotary har også vore arrangør for eit Inter City-møte, der Kristine Haddal, som er både mor og managar til Karsten Warholm, heldt eit interessant foredrag om sonen.

Stig Ole Borgundvåg opplyste at Kristine Warholm blir eitt av trekkplastera under Distriktskonferansen som Ulstein Rotary skal arrangere i september i år.

  • Inneverande arbeidsår har vore prega av at vi skal arrangere Distriktskonferanse til hausten, sa Borgundvåg og nemnde spesielt Synnøve Riise, Thor Martin Eidem og AG Greta Herje som viktige medspelarar i planlegginga.

TO PRESIDENTSKIFTE

Ulstein Rotary var først ute med presidentskiftet. Der tek Thor Martin Eidem, som har vore president to gonger før, over. Han takka Borgundvåg for innsatsen.

Avtroppande president i Ulstein Rotary ønskjer Thor Martin Eidem til lykke med presidentåret. Det er tredje gong Eidem blir president i klubben. Som arrangør av Distriktskonferansen til hausten får han mykje å tenke på.

- Du imponerer meg. Du er fantastisk til å balansere tidsklemma - og du får tid til både jobb, familie og Rotary. Under di leiing har det aldri vore kort veg frå avgjerd til handling, og du har også løfta oss teknisk, slik at informasjonsflyten har blitt betre, sa Eidem.

I Hareid Rotary er det tradisjon for å bruke seremonimeister under preidentskifta, og seremonimeister Johan Ole Brandal kunne opplyse at skifte av president er ei av dei store hendingane i Rotary-året. Dei siste åra har skiftet foregått under ein rekefest i Brandal, men seremonimeisteren meinte det var stas å få vere saman med Ulstein Rotary under årets skifte.

Brandal takka avtroppande president Ove Midtflø for godt leiarskap.

Seremonimeister Johan Ole Brandal (delvis med ryggen til) takkar Ove Midtflø for innsatsen og ønskjer Astrid Velle lykke til som ny president i Hareid Rotaryklubb. 

- Eg veit du har hatt det travelt på jobb det siste året, men det har du handtert på ein god måte, sa Brandal, som ønskte Astrid Velle velkomen som ny president. - Du har fått opplæring og inspirasjon til vervet og eg er trygg på at du har tenkt ut korleis du vil ha det i det neste år, sa Brandal – og flytta presidentkjedet frå Midtflø til Velle.

Ref. og foto: Anne Gry Eilertsen


 
Distriktskonferansen 2017

31. juli 2017

Distriktskonferansen 2017

Det nærmer seg årets flotteste Rotary-arrangement, Distriktskonferansen. For det første er dette Rotarydistriktets årsmøte, der bl. a. årsberetning og regnskap behandles. I tillegg er det en arena for faglig påfyll, inspirasjon, vennskap og sosial omgang.

Forbedret rotary Club Central lansert

27. juli 2017

Forbedret rotary Club Central lansert

En ny, forbedret versjon av Rotary Club Central er nå lansert. Du finner den på samme sted som den tidligere versjonen.

ROTARY: GJØR EN FORSKJELL

5. juli 2017

ROTARY: GJØR EN FORSKJELL

RI-president for 2017-2018, Ian Riseley, valgte «Rotary: making a difference», som årets tema. Her forteller han selv hvorfor han valgte dette temaet og hva det betyr.

Ian Riseley - RI-president 2017-2018

2. juli 2017

Ian Riseley - RI-president 2017-2018

Vi ønsker Rotary Internationals nye President, Ian Riseley, og selvsagt også alle nye Presidenter og klubbene i Distrikt 2305 lykke til med de oppgavene som skal utføres i rotaryåret 2017/2018.

Distriktsguvernør 2017-2018

1. juli 2017

Distriktsguvernør 2017-2018

Den 1. juli tok Wictor Sandvold over rollen som Distriktsguvernør (DG) i D2305.

Storfint besøk!

9. juni 2017

Storfint besøk!

Torsdag 8. juni hadde Ørskog Rotaryklubb besøk av 35 ungdommer i alderen 15-19 år som har bodd i Norge i ett år i forbindelse med Rotarys ungdomsutvekslingsprogram.

Ungdomsutveksling 2017-2018

27. mai 2017

Ungdomsutveksling 2017-2018

Fem flotte ungdommer skal på utveksling i regi av Rotary D2305 kommende skoleår.



Sosiale medier


Relevante lenker

Opprett avtalegiro for TRF

Håndbok 2024-25, D2305

Rotary i Norge

Rotary Nordic

Rotary International

Rotaryen min

Nyheter fra
Rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nyheter fra Rotary i Norge

Loading RSS...
Les mer