Ulstein Rotaryklubb var vertskap for årets guvernørskifte i Distrikt 2305 den 24. juni. Ved en høytidelig seremoni mottok Lidun Hareide klubbe og kjede. Både Ulstein og Hareid Rotaryklubber gjennomførte sine presidentskifter samtidig.
"Skape håp for verda", var mottoet for Rotary-året 2023-24. I år er mottoet "Rotarymagien" - og påtroppande distriktsguvernør Lidun Hareide jobbar for nettop det; at det skal bli et magisk Rotary-år.
Før avtroppande distriktsguvernør Anders Andersson overrekte kjedet og klubba til Lidun Hareide, sa han at med alle krigane rundt om i verda kunne mottoet «Skape håp for verda» høyrest litt vanskeleg ut.
- Verda har ikkje blitt betre dette året, men Rotary har bidratt med håp, slo Anderson fast.
«Å gagne andre», er det overordna mottoet til Rotary. Andersson peika på fleire prosjekt som både hadde gagna andre og skapt håp.
Anders Andersson er frå den svenske grensebyen Charlottenberg i Eda kommune, som høyrer inn under Distrikt 2305. Han følte det ærefullt at han som svenske hadde fått vere guvernør i Noreg.
Oddbjørn Øien frå Sula har vore medlem i Rotary sidan 1972. Han har vore distriktsguvernør og har hatt plass i Lovrådet i til saman seks år. Under samlinga på Quality Hotel Ulstein fekk han tildelt den høgaste utmerkinga i Rotary: Paul Harris Fellow med to steinar. Han har frå før Paul Harris med ein stein. Øien har ofte med seg trompeten for å underhalde rotaryvenner.
Rotary-året rullar vidare med nye folk i styra kvart år. Under ein kongress i Singapore tidlegare i år gjekk Lidun Hareide til innkjøp av nydesigna Rotary-nåler med “diamantar”. Under samlinga i Ulsteinvik fekk Morten Moe frå Hamar tildelt DGE-nål med “diamant” - fordi han blir distriktsguvernør etter Lidun Hareide. Nestemann i guvernørrekkja, Robert Voldnes frå Herøy, blir ny DGN og går inn i distriktsstyret med stemmerett frå 1. juli i år, og fekk også nål med “diamant.” Arne Emdal blir ny AG, ei stor og viktig rolle, og fekk den største nåla av alle.
Emdal overtek AG-vervet etter Greta Herje, som har hatt oppdraget i fem år. Herje blir no sekretær for Lidun Hareide.
Avtroppande distriktsguvernør Anders Andersson har overlevert guvernørkjedet og klubba til Lidun Hareide og ønskjer henne lykke til som distriktsguvernør frå 1. juli 2024 til 1. juli 2025.
Etter at Lidun Hareide hadde fått guvernørkjedet rundt halsen og klubba i handa takka ho for at så mange hadde kome til Ulsteinvik for å vere med på seremonien.
- Rotarymagien skjer når vi møtest. Vi vil ha fleire medlemer, fleire kvinner og medlemsvekst, sa Hareide. - Oppdraget vårt er å skaffe 100 nye medlemer i kvart distrikt. Med sine 49 klubbar er distrikt 2305 nest største distriktet i Noreg. Vi vervar mest og vi mistar minst. Dersom vi ikkje fiksar medlemsrekrutteringa, vil vi etter kvart ikkje eksistere. Klubbane må vere attraktive, dei må vere verdt folk si tid, - og vi må ut, slik at vi er synlege. Lidun Hareide gler seg veldig til å kome ut i klubbane, få høyre kva ho kan hjelpe klubbane med - og kva ho kan lære av ulike klubbar.
- Rotary finst for at vi skal gjere godt på jorda, og det er magisk å tenke på at det i heile verda no finst om lag 1,5 millionar Rotary-medlemer som er opptekne av det same, gjere godt på jorda. Det mest magiske med Rotary er at ein blir kjent med så mange fine menneske. Truleg kjenner vi alle også fine folk som ikkje har blitt Rotarymedlemmer enno, men som vi kan invitere med inn sa den nye guvernøren i distrikt 2305 – og strålte. Ho har alt begynt å planlegge besøk ute i klubbane.
Ref.: Anne Gry Eilertsen. Foto: Anne Gry Eilertsen og Max Kipperberg
7. juni 2020
I møtet den 27. mars vedtok styret i distriktet en prøveordning som vil gi studenter redusert kontingent fra og med kommende rotaryår som starter 1. juli.
6. juni 2020
Nå kan du melde deg på 2020 Rotary Virtual Convention! Nyt dette flotte arrangementet hjemmefra i perioden 20.-26. juni. Det vil ikke koste deg noe, men det vil gi deg mye!
5. juni 2020
Det 8. styremøtet i distriktet dette rotaryåret ble gjennomført fredag 5. juni. Takket være digitale plattformer har vårens styremøter vært hyppige, og svært effektive.
28. mai 2020
Den 27. mai var årets klubbpresidenter inviterte til et digitalt møte med distriktsguvernør Vigdis Osbak og distriktsledelsen. Her var det fullt oppmøte, med over 60 deltakere!
4. mai 2020
Guvernørens månedsbrev for mai er nå sendt ut til klubbene. Du kan også lese det her.
24. april 2020
Joda, det fungerer også godt med digitale styremøter. Kunsten er å være disiplinert og snakke en etter en. Det gikk kjempefint!
16. april 2020
Månedens tema er det samme for Rotary i hele verden. I april er det mor og barns helse som er tema og i mai er det ungdomstjenesten.
4. april 2020
Guvernørens månedsbrev for april er nå sendt ut til klubbene. Du kan også lese det her.
15. mars 2020
RI President Mark D. Maloney og RI President-elect Holger Knaack oppfordrer Rotaryklubbene til å avlyse arrangementer og fysiske møter i den nærmeste framtid for å redusere unødvendige interaksjoner som kan bidra til smittespredning.
11. mars 2020
På grunn av den økende spredningen av koronasmitte er PETS som skulle arrangeres på Dombås kommende helg, samt de to styreseminarene som var planlagt arrangert i Ålesund og på Gjøvik i mars og april, avlyst.