I samband med Distriktskonferansen i Molde 21. – 23.
september var det rekordoppslutning av presentasjonar og utstillingar frå
klubbane i «Vennskapets Hus». Kjell Magne Bondevik kommenterer dette som Rotary
i praksis. To av
presentasjonane i sjølve konferansen var også i same gate: 10.000 Happy Birthdays
er eit samarbeidsprosjekt mellom Laerdal Global Health og Distrikt 2250. Målet
er å redde mor og nyfødde barn sine liv i lavressursland. Eit svært vellukka
prosjekt som så langt omfattar Zambia, Malawi, Etiopia, Rwanda og Tanzania. «Honoraret»
gjekk rett til prosjektet med 10.000 kroner i tilskot. Det same blei gjort med
«honoraret» til Anne Kjær Riechert som har bygd opp sin ReDI school i Berlin
som driv IT opplæring av flyktningar ved hjelp av frivillige og i nær kontakt
med potensielle arbeidsgjevarar. Det svært vellukka prosjektet fekk også 10.000
kroner i tilskot.
Det var inspirerande å vere saman med 170 engasjerte deltakarar i konferansen frå nesten alle klubbane i distriktet.
Distriktet
sitt årsmøte 23. september vedtok at 90.000 kroner av rekneskapsoverskotet frå
2017 – 18 skal disponerast som tilskot til klubbane. Distriktsguvernøren
saman med TRF ansvarleg i distriktet blei gitt fullmakt til å forvalte denne ramma.
Midlane blir utlyst på distriktet si heimeside med orientering om søknadsmåte.
Vi har som mål å behandle søknadene i god tid før jul.
Søknader om tilskot til prosjekt frå klubbane må ha
målsetting som fokuserer på ein av RI sine tre strategiar:
1) Støtte og styrke klubbane. 2) Lokal og global
samfunnsinnsats. 3) Rotary sitt omdøme i befolkninga.
Søknaden
må ha ei målsetting, ein kortfatta plan/tidsplan for gjennomføring, ei
budsjettskisse som viser summen av økonomiske og menneskelege ressursar i
prosjektet. Vi forutset at dei som får tilskot presenterer prosjektet på
distriktet sine heimesider.
Maksbeløp for ei tildeling er kr. 10.000. Søknadsfrist er 01. desember.
Ungdomsutveksling er eit viktig satsingsområde for Rotary og ein del av det fredsbevarende arbeidet. Å drive ungdomsutveksling sveiser klubben saman, og det er ein berikelse for klubben å ha innbound-student som klubbmedlem eit år. Det er også ein god måte å rekruttere nye og yngre medlemmer når klubben via ungdomsutveksling byggjer relasjonar til studenten sine foreldre og vertsfamiliar. Sjølv om søknadsfristen er ute 01. oktober kan vi ta imot søknader utover hausten. DYEO hjelper med det praktiske ved å fylle ut søknadsskjema og ved gjennomføring av intervju.
I samband med Distriktskonferansen var Rotary sitt samarbeid med Ungt Entreprenørskap drøfta i Distriktsrådet og i dei ulike presidentforum. Tilbakemeldingar er at fleire klubbar er positive til eit slikt samarbeid. Vi tenkjer oss eit samarbeid på to nivå, eit samarbeid mellom Distrikt 2305 og Ungt Entreprenørskap sine fylkesorganisasjonar i våre tre fylke og eit samarbeid mellom ein klubb og ein skole i nærmiljøet. Vi vil arbeide vidare og kome tilbake med meir konkrete tankar og forslag. I mellomtida må dette gjerne vere tema for diskusjon i eit klubbmøte. Det kan godt vere at klubben har medlemmer som har erfaring frå Ungt Entreprenørskap.
I forrige månadsbrev skreiv eg at eg ville drøfte spørsmålet om fellesreise med påmelding frå vårt distrikt i Distriktsråd 21. september. Distriktsrådet ønskjer god deltaking frå vårt distrikt. Omkvedet i debatten var at dette blir høve til ei stor oppleving nær oss, - eit sjeldant høve på nært hald å oppleve Rotary Convention. Konklusjonen var også at interessene og ønskje om reisemåtar vil vere så ulike at dette ikkje vil vere gunstig å arrangere som nokon fellestur. Mi oppmoding er at klubbpresidentane set temaet om deltaking i Hamburg på sakskartet for opplysning, oppmuntring og vurdering om nokon frå klubben drar til Hamburg for å oppleve RI Convention og Rotary si storheit 01. – 05. juni 2019. Eg er kjend med at klubbar er inne i desse vurderingane og det er flott. Gå inn i My Rotary og les programmet og invitasjonen. Det er gunstig å bestille før 15. desember. Lukke til, - håper at mange fra vårt distrikt kan oppleve Rotary Convention i Hamburg, og sjølvsagt også møtast i Hamburg
Nesten 800 millionar menneske lever på mindre enn 1,9 USD pr dag. Rotarymedlemmer er i dag sterkt engasjert i å hjelpe til med å finne berekraftige løysingar for framtida. 70% av dei fattigaste lever i rurale område og er avhengig av landbruk og arbeid som relaterer seg til landbruk. Fleire klubbar i vårt distrikt engasjerer seg i prosjekt som har som mål å bedre levekår i deler av verda der fattigdommen er størst og der små og smarte tiltak gjer ein vesentleg forskjell. Eg viser til nokre av desse i min guvernørtale i klubbane. Eg utfordrar også så sterkt eg kan klubbar til å utvikle nye prosjekt i samarbeid med lokale klubbar i deler av verda der levekår er vanskelege og berekraftige prosjekt vil gjere ein stor skilnad i mange sine liv. Du finn distriktet sin TRF komite på side 26 i Håndboka (sjå distriktet si heimeside: www.d2305.rotary.no). Denne komiteen er støttespelar for klubbar i planlegging. Både Global Grant midlar eller District Grant midlar kan løysast ut til slike prosjekt, - og erfaring viser at klubbar i vårt distrikt med stor fordel kan samarbeide.
Vennleg helsing
Arvid Blindheim
27. juli 2017
En ny, forbedret versjon av Rotary Club Central er nå lansert. Du finner den på samme sted som den tidligere versjonen.
5. juli 2017
RI-president for 2017-2018, Ian Riseley, valgte «Rotary: making a difference», som årets tema. Her forteller han selv hvorfor han valgte dette temaet og hva det betyr.
2. juli 2017
Vi ønsker Rotary Internationals nye President, Ian Riseley, og selvsagt også alle nye Presidenter og klubbene i Distrikt 2305 lykke til med de oppgavene som skal utføres i rotaryåret 2017/2018.
1. juli 2017
Den 1. juli tok Wictor Sandvold over rollen som Distriktsguvernør (DG) i D2305.
9. juni 2017
Torsdag 8. juni hadde Ørskog Rotaryklubb besøk av 35 ungdommer i alderen 15-19 år som har bodd i Norge i ett år i forbindelse med Rotarys ungdomsutvekslingsprogram.
27. mai 2017
Fem flotte ungdommer skal på utveksling i regi av Rotary D2305 kommende skoleår.